- vere samfunnsgagnande/bidra til eit meir berekraftig
samfunn
- vere nyskapande,
- vere framtidsretta,
- ha vekst- og skaleringspotensiale,
- ha team/personar med gjennomføringsevne
Søknader/prosjekt som er i tidleg fase, med høg risiko, kan få støtte; dvs reint tilskot frå dette fondet til dekking av kostnader. Typiske aktivitetar det kan gjevast støtte til er utgifter til marknadsundersøkingar, produktutvikling, utarbeiding av forretningsplan, utgifter til etableringsrettleing, utvikling av prototypar, juridisk bistand, osv. Maks ramme for tildeling er kr 300 000,-.
Fondet er organisert i ein stiftelse med eige styre der Elisabet K Bø er styreleiar, Halvor Gregusson og Arild Sandvoll er styremedlemar.
Styre har 4 møter pr år, der dei neste 3 vil vere i juni, september/oktober og desember dette året.