Magasin 2023

Font

Inkubatorbedrifter fekk inspirasjon og nettverk i Kalvåg

Målet med samlinga var å byggja nettverk, dela erfaringar, få ny kunnskap og læra av andre. Bedriftene fekk ikkje berre presentera sine eigne idear, men også høyra interessante foredrag frå eksterne personar, som kom med nyttige innspel til bedriftene.

Gründerar delte historiene sine og råd

På samlinga presenterte bedriftene sine idear og møtte erfarne gründerar og bedriftsleiarar. Jan Roger Jensen, som laga Fixit for frisørsalongar, fortalde om korleis han starta fleire bedrifter og investerte i nye prosjekt. Simen Staalnacke, designaren bak Moods of Norway, delte mange morosame historier frå då han skapte eit unikt klesmerke. Øyvind Reed, som leidde Whereby, eit videokonferansesystem, snakka om korleis han handterte rask vekst under pandemien og utfordringane som følgde med det. Bedriftene fekk stilla spørsmål og fekk gode råd på vegen. 

Den 29. og 30. mai var det duka for Inkubatorsamlingen i Kalvåg, eit arrangement for bedrifter som er tekne opp i inkubasjonsprogrammet til Kunnskapsparken Vestland.

Moro og mingling i vakre omgivnader

Det var ikkje berre fagleg påfyll som stod på dagsordenen. Inkubatorbedriftene fekk òg høve til å bli betre kjent med kvarandre, og til å knyta nye kontaktar i eit hyggjeleg og uformelt miljø. Det vart tid til rundtur med rib-båt, sauna og forfriskande bad. 

– Me i Kunnskapsparken har mange spennande bedrifter som er spreidde i heile Sogn og Fjordane. Då er det viktig at dei får moglegheit til å møtast, læra av kvarandre og byggja nettverk. Me er veldig glade for at me har moglegheit til å arrangera slike samlingar, og for at me får med oss dyktige foredragshaldarar som har gått opp gründerløypa tidlegare, opplevd opp og nedturar og som delar historiene og erfaringane med oss. Det gir gründerbedriftene våre inspirasjon og kunnskap til stake ut sin veg vidare, seier inkubatorleiar i Kunnskapsparken Vestland, Hilde Grinde