Starta døgnopen butikk for overskotsmateriale
Vi ser at det er altfor mykje material i byggebransjen som blir kasta og ønskjer med dette å la både privatpersonar og bedrifter nyttegjere seg av varene, fortel Geir Øygard i Sirkla.
Etableringa er ein del av Kunnskapsparken Vestland sitt prosjekt «Grøn omstilling i byggenæringa», støtta av Vestland Fylkeskommune.
Grøne krav til bransjen
I tillegg til at ombruk gagnar både miljø og lommebok, vil det vere eit viktig grep for å nå dei nye krava i byggebransjen.
– Vi ser at offentlege anbod stiller stadig strengare krav kva gjeld miljø. Frå 1. juli i år er det lovpålagt å vekte miljø med minst 30% i offentlege anbod, forklarer prosjektleiar Lea Myklebust i Kunnskapsparken.
Bankane tilbyr dessutan betre lånevilkår på bygg med høg energimerking. Ved å ombruke materiale kan bransjen tilby dette rimelegare for bebuarane.
Med mål om å redusere mengda avfall i byggebransjen, opna Vestlandet sin første Sirken-butikk dørene på Kaupanger denne våren.
Saman med Sirkla Ressurs, Sogn Elektro, Tharaso, Fretland bygg, Sogndal Kommune og Reco bygg- og skadeteknikk tilbyr Sirken Sogn saumlaust sal av byggevarer til redusert pris. Varene kan bestillast via nettsida og hentast i Sirkla sin lagerhall til alle døgnets tider, ved hjelp av ein pin-kode.
Sirken-shopenhar plass til fleire medlemmar med ønskje om å redusere avfall og gjere byggebransjen litt grønare.
Kontakt gjerne Geir i Sirkla Ressursom du vil ta ein prat:
E-post: geir@sirkla.no
Telefon: 911 12 321
Sirken-shopenhar plass til fleire medlemmar med ønskje om å redusere avfall og gjere byggebransjen litt grønare.
Kontakt gjerne Geir i Sirkla Ressursom du vil ta ein prat:
E-post: geir@sirkla.no
Telefon: 911 12 321
