Flokk og Fjell - innovasjon i akustisk design
I ei tid der berekraftige løysingar er meir etterspurde enn nokon gang, har Annemieke Koopmans-Holtrop funne ein måte å kombinere sitt handverk som arkitekt med sin lidenskap for norsk natur. Resultatet er Flokk og Fjell, eit innovativt selskap som forvandlar lokal saueull til effektive lyddempingsprodukt.
Innovasjon frå eige fag
Den nederlandske gründeren nyttar eigen ekspertise frå bygg- og arkitekturbransjen til å skape miljøvenlege og funksjonelle løysningar for moderne bygg.
– Eg elskar sauer, ull og det norske naturlandskapet. Det var difor ein naturleg overgang for meg å nytte desse ressursane i noko som tenar ein viktig funksjon i byggebransjen.
Flokk og Fjell har allereie fått merksemd både lokalt og internasjonalt.
– Produkta våre blir laga av minimalt bearbeida ull, for å bevare dei naturlege eigenskapane i materialet. Biophilisk design handlar om eit medfødt behov å vere i naturen. Naturlege materiale i interiør senkar stress, betrar konsentrasjon og kreativitet. I tillegg til å absorbere lyd vil ulla vere fuktregulerande og kunne nøytralisere skadelege gasar. Desse eigenskapane gjer produkta våre ideelle for kontor og andre innandørs miljø som krev god akustikk og luftkvalitet, forklarer Koopmans-Holtrop.
Støtta av Kunnskapsparken har Flokk og Fjell fått tilgang til ressursar innan nettverk, forretningsutvikling og marknadsføring.
– Som del av inkubatorprogrammet har vi fått høve til å samarbeide med andre gründerar og investorar. Vi har også fått god hjelpt til å systematisere og strukturere arbeidet vårt. Det har vore essensielt for å skape vekst.
Ei lita bedrift frå Sandane er i ferd med å setje ein ny standard for lyddemping.
Ser mot Danmark og Europa
Koopmans-Holtrop har allereie ein imponerande portefølje med fire bedrifter, inkludert eit arkitektfirma og eit byggefirma. Med Flokk og Fjell rettar ho blikket mot ein internasjonal marknad.
– Ved hjelp av mi søster, som er interiørarkitekt, jobbar vi no med fleire store prosjekt i Nederland.
Framtidsplanane inkluderer utviding til nye marknader, som Danmark, samt å oppnå sertifiseringar for brannhemming og lyddemping.
– Vi jobbar no med å finne dei riktige samarbeidspartnarane i interiørbransjen og få produkta våre sertifiserte. Alle veit at ull er brannhemmande og dempar lyd, men vi ønskjer å få det dokumentert gjennom SINTEF. Med støtte frå ordninga «Forsker til låns», som Kunnskapsparken introduserte oss for, står det no for tur.

Flokk og Fjell tilbyr både standardiserte produkt og skreddarsydde løysingar tilpassa kunden sitt behov.