Ny app frå Sogn skal gjere bruken av sprøytemiddel sikrare
– og fremje nye metodar

Berre månader seinare gjekk Knut Olav Ekeberg heilt til topps i Fjellpitch 2024. Med appen Sprøyte Journal vil han gi bønder tilgang til oppdaterte doseringsforhold, sikkerheitsdatablad og journalføringssystem - rett i lomma.
– Dagens løysningar er laga for journalføring, men utan informasjon om dosering og datablad. Det betyr at ein må hugse informasjonen i hovudet, eller ha den fysisk dokumentasjonen med seg. Eg tenkte at dette måtte gå an å gjere annleis, forklarer Ekeberg.
Med kompetansen som UI/UX-designar til grunn, tok han arbeidet med å bygge applikasjonen eigne hender.
– Målet med Sprøyte Journal er å gjere jobben til bøndene både enklare og sikrare.
– Vil promotere berekraftige alternativ
EU har som mål om å halvere mengda sprøytemiddel i landbruket innan i 2030. Ekeberg håpar appen på sikt kan bli ein viktig bidragsytar.
– Eg ønskjer å bidra til å promotere meir berekraftige alternativ. Blant anna ved å fokusere på kva alternative middel og metodar ein kan bruke til å behandle skadegjerarar på. Målet er at Sprøyte Journal kan informere om og synleggjere dei snillare alternativa og slik bidra til å reudsere mengda sprøytemiddel på sikt.
Pilotprosjekt i startgropa
No arbeider han for å få fleire bønder med i pilot og søke Innovasjon Norge om midlar.
– Den faglege kompetansen til Kunnskapsparken har kome godt med. Det har dessutan vore fint å ha nokon der til å gi meg eit dytt i riktig retning til tider, då dette er eit prosjekt eg har jobba mykje aleine med.
Den unge bærbonden hadde jobba med ideen om å straumlinjeforme journalføringa av sprøytemiddel i to år, då eit møte med Rask Oppstart fekk fart på prosessen.
Bønder har klare dokumentasjonskrav kva gjeld bruk av sprøytemiddel. Med Sprøyte Journal samlast alle nødvendige data på èin stad.