Magasin 2023

Font

Rask oppstart - ein raskare veg frå idé til marknad

Rask Oppstart er eit program som skal hjelpe ambisiøse gründerar frå idé til lansering i marknaden. Programmet byggjer på Disiplined Entrepreneurship-metodikken og fungerer som ein vegvisar for dei som har ein draum dei ønskjer å realisere.

Programmet vart gjennomført som ein pilot i 2021, og har i dag blitt svært populært. "Mange har ein idé som dei har tenkt på lenge, men som dei ikkje har fått realisert av ulike årsaker. Rask Oppstart skal vere ein hjelp til å sjekke marknader, konkurrentar, forretningskonsept og forretningsmodell," seier Hilde Grinde, inkubatorleiar i Kunnskapsparken Vestland.

Rask Oppstart er retta mot nyetablerte bedrifter og mot personar som har ein idé dei ønskjer å realisere. Ein av dei som har delteke på programmet er Ivar Falck Husum, gründeren bak Drageboden. "Vi var med i Rask Oppstart før vi stifta selskapet vårt. Vi er kunstnarar og hadde lite peiling på det administrative. Men gjennom Rask Oppstart fekk vi steg-for-steg hjelp til å realisere draumen vår," fortel Fred Ivar Falck Husum.

Programmet er utvikla av Kunnskapsparken Vestland og støtta av Vestland Fylkeskommune og Sparebanken Sogn og Fjordane. Målet med Rask Oppstart er å leie deltakarane gjennom ei kunnskapsreise som gir høve for betre å kvalitetssikre idé og redusere risikoen ved etablering.

– Rask Oppstart gir ein praktisk tilnærming til å lukkast med ein oppstart. Deltakarane er med på fire samlingar og får jobbe med eigne case. I tillegg så får deltakarane personleg oppfølging og rettleiing frå våre forretningsutviklarar mellom samlingane, forklarar inkubatorleiar Hilde Grinde.

På den siste samlinga får deltakarane høve til å pitche sin forretningsidé for virkemiddelapparatet. Her får næringsansvarleg i kommunen høve til å bli betre kjend med gründaren og idéen, og kan på den måten også støtte vidare satsing i heimkommunen til gründaren.

– Vi ønskjer å hjelpe gründerar å overvinne dei vanlegaste utfordringane. 7 av 10 bedrifter går konkurs i løpet av dei fem første åra. Rask Oppstart er her for å endre på det, seier Grinde med eit håp om å gjere ein forskjell.

Er klar for å ta steget? For meir informasjon, besøk Kunnskapsparken Vestlands nettside.

Kanskje er det nett din idé som blir den neste store suksessen?