Magasin 2023

Font

Rask oppstart med Birdbox

Kunnskapsparken sitt Rask Oppstart-kurs har vist seg å vere ein verdifull ressurs for ferske gründerar. Ein av desse er Bird Box på Lote.

– Rask oppstart var enormt nyttig for oss. Ingen av oss har noko form for kunnskap om å starte bedrift. Eg gjekk i alle fall fra å "berre" starte opp eiga bedrift , til å forstå at det er noko meir komplisert, seier Svein Arne Henjasand.

Henjasand har gjennom selskapet Skaara Living starta utleige av feriehytter i Stad. Gjennom to birdbox-hytter kan han huse folk frå nært og fjernt.

– Rask oppstart var ei veldig lærerik og grundig opplæring i dei forskjellige prosessen i det å starte bedrift, og som har spart meg for mykje. Det å ha arbeidd fram eit tilnærma ferdig produkt slik vi gjorde i Rask oppstart, og som ein kan bruke i søknadsprosessene, er gull verdt når ein skal få godkjenninger og ikkje minst finansiering.

 

Eit produkt i stadig utvikling

Skaara Living er no oppe og går med ei av to hytter i drift.

– Vi har hatt grei booking dei første månadane med 23 netter på ei hytte. Vi har arbeidd mykje med marknadsføring ( influensarar og Instagram). Facebook side og heimeside er og på plass, forklarer Henjasand.

– Vi samarbeider med Myrold Gard med eplejus til kundane samt samarbeid med lokalt bakeri om bestilling av mat. Produktet er i stadig utvikling slik at vi er stadig på jakt etter muligheiter til å komplettere tilbudet og opplevinga. 

Foto: Vedvik media/Skaaraliving

Water resources, Natural landscape, Cloud, Sky, Afterglow, Mountain, Dusk, Orange, Sunlight